Matkasse-utdeling i Hareid jula 2022

Det er stor gjevarglede i Hareid og det er komen mange økonomiske bidrag for å kunne gjennomføre matkasser til jul 2022. Både frivillige lag og organisasjonar, private bedrifter, private donasjonar og digital innsamling via "Spleis" – alt dette i tillegg til at Saniteten har fått midlar frå Notura til å samarbeide med oss om matkasseprosjektet.

Matkasse-utdeling i Hareid jula 2022

I Hareid er det Frivilligsentralen til Hareid sokn som administrerer matkasseutdelinga. Dei vil i år pakke og vil levere ut 66 matkasser før jul, til dei som har meldt ønskje om dette.

"Det er fleire fine og gode ting som skjer når vi inn mot jul held på med dette. Sjølvsagt er det både godt og nødvendig at dei som treng det får mat og gåver til jul, men også dei som bidreg opplever glede av å vere til hjelp.Vi er takksam for alle som har rekt ut ei hand og eit varmt hjarte til dette arbeidet, gjennom flotte strikkegåver, som gensere, lester, vottar, m.m. Barn og vaksne som kjøper gåver og kjem med godteri til dei som ikkje har det like greitt denne jula. Til alle dei som har bidrege med praktisk arbeid, som pakking av gåver, pakking av matvarer og utkøyring av kasser. Det ligg så mykje hjartevarme og omsorg i det som alle bidreg med. Heile bygda har gått saman om å hjelpe slik at fleire får ei verdig julefering. Ei bygd som viser så mykje omsorg, inkludering og samhald, er ei bygd å vere stolt av, seier Heidi Pedersen Kvalsvik som er dagleg leiar i Hareid Frivilligsentral.

PS: Fristen for å melde inn matkasse, er utgått.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"